Bøker

Me vert flinkare til å skriva språk av å lesa det. Det er til dømes lettare å læra seg nynorsk som sidemål om me les bøker som er skrivne på nynorsk. Gjennom skuletida skal me lesa fleire romanar, og det kan vera lurt å lesa ein del av desse på nynorsk. Sidan me uansett har mykje bokmål rundt oss heile tida, er det nynorsk me treng meir trening i. Det kan òg vera lurt å lesa litt nynorsk før eksamen, slik at språket kjem meir "under huda" når me skal skriva det.

Me arbeider med ei litteraturliste som kan vera til hjelp for elevar som vi lesa bøker på nynorsk, og lærarar som skal plukka ut litteratur til klassen. Me ønskjer å syna at det finst mange morosame og lette bøker på nynorsk òg. Lista vert lagt ut so snart ho er ferdig.