Læremiddel

Diverre er ikkje lærebøker på nynorsk ei sjølvfølgje. I over 30 år har det vore lovfest at skulebøker på nynorsk og bokmål skal koma til same tid og pris. Likevel skjer det ofte at nynorskbøkene ikkje kjem før eit stykke ut i skuleåret. Dette gjer at nynorskelevane sit att med valet mellom å ha bokmålsbøker, eller ikkje å ha skulebøker i det heile. Dette er ein frustrerande situasjon, og det gjer det vanskelegare å ha nynorsk som opplæringsmål.

I dag er situasjonen mykje betre enn han har vore tidlegare, men det er framleis mange nynorskelevar som manglar bøker til skulestart. Om du manglar lærebøker på nynorsk, kan me hjelpa deg.