Hald av 4.–9. juli og gled deg til

sumarleir!

Program

Det er berre å gle seg til ei veke med ny lærdom og mykje moro!

Smakebitar frå programmet:
– Duodji – me lærer å lage samisk tradisjonskunst
– Forfattarkveld med Kristin Fridtun
– Teiknspråkkurs med Arnfinn Muruvik Vonen
– Fordelane med nynorsk som hovudmål
– Volleyballkurs
– Melodikappleik
– Fotballturnering
– Bading

Me kjem med meir informasjon om programmet etter kvart, og me kan love at det vert eit strålande program!

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit lite informasjonsskriv til uroa foreldre, slik at dei kan kjenne seg tryggare. Les meir »

Praktisk

Leiren er 4.-9. juli på Hanstad barne- og ungdomsskole i Elverum. Leiren kostar 600 kroner for dei som betalar før 4. juli, og 700 kroner for dei som betalar etter den datoen.

Reiseruter

Lurer du på korleis du skal kome deg til sumarens storhending? Det finn du ut her! Les meir »

Meld deg på