Reiseruter

Her finn du nokre generelle reiseråd og elles reiseruter via viktige knutepunkt. Merk at rutene me tilrår gjeld om du skal kome fram til leirstart tysdag 4. juli. Det er sjølvsagt lov å kome seinare eller delta berre delar av leiren.

I år skal sumarleiren vere i Elverum. Dit kjem ein seg lettast med tog eller buss frå Gardermoen eller Oslo sentrum med togskifte på Hamar. Frå Elverum stasjon er det ein liten stubb til leirstaden. Meld ifrå om når du kjem, så hentar me deg på stasjonen!

GENERELT:

  • har du behov for å reise vesentleg dyrare enn billegaste reiseveg, må dette avtalast med kontoret (skriv@nynorsk.no) dersom du vil ha det dekt

  • dersom du vil reise dyrare for komforten sin del, kan me eventuelt avtale å dekkje tilsvarande billegaste reiseveg, medan du tek mellomlegget sjølv

  • kjøp ungdomsbillett dersom du skal med fly og er under 26 år

Frå/via Trondheim

Tog direkte til Elverum gjennom Østerdalen. Me tilrår toget som går frå Trondheim 4. juli klokka 09.45. Fly til Gardermoen og ta tog direkte derifrå til Elverum med togbyte på Hamar. Me tilrår toget som går frå Gardermoen 4. juli klokka 14.59.

Frå/via Oslo

Tog til Elverum med togbyte på Hamar. Me tilrår toget som går frå Oslo S 4. juli klokka 14.34. Buss til Elverum med Nettbuss. Dei har avgangar seks gongar for dagen. Me tilrår bussen som går frå Oslo bussterminal 4. juli klokka 13.50.

Frå/via Stavanger

Tog til Oslo og tog vidare til Elverum med togbyte på Hamar eller buss direkte til Elverum. Me tilrår toget som går frå Oslo S 4. juli klokka 14.34, eller bussen (Nettbuss) som går frå Oslo bussterminal 4. juli 13.50. Fly til Gardermoen og ta tog direkte derifrå til Elverum med togbyte på Hamar. Me tilrår toget som går frå Gardermoen 4. juli klokka 14.59.

Frå/via Bergen

Frå/via Tromsø

Fly til Gardermoen og ta tog direkte derifrå til Elverum med togbyte på Hamar. Me tilrår toget som går frå Gardermoen 4. juli klokka 14.59.